Ganddal 2 - SFK
6. Divisjon menn avd. 2
Onsdag 20.05.26 kl 20:00
Resultat:
Ganddal 2 - Storhaug FK, 5-3 (1-0)
SFK Mål:
2-1, Ola (Markus)
4-2, Endre (Markus)
5-3, Elwin (Markus)
Bane:
Kiwi Lundehaugen kunstgress
Startoppstilling (5-3-2)
Alius
Haakon - Andreas - Sebastian
Jacob - Justin - Robin - Markus - Trym
Ola - Tyssi
Benk:
Endre, Daniel, Stian, Phillip, Yemane, Moha
Kampen:
Det var roleg stemning i garderoben før kamp. Med Carlos ute stilte Alius i mål etter å ha droppa oldboys-kamp for å spela med SFK. Trass sine 50 år såg han alt anna enn rusten ut. Etter kampen mot Brodd var planen å stå høgare i banen og prøva å spela meir offensivt.
Første omgang:
Kampen startar jamt, men Storhaug slit med å vinna nok duellar. Ganddal får litt for ofte komma til avslutningar etter balltap frå SFK. Likevel held Storhaug godt følge mykje takka vere Alius som leverer fleire sterke redningar. Den største kjem då han slår eit skot på veg mot krysset opp i tverrliggaren med fingertuppane.
Etter 28 minutt tek Ganddal leiinga då dei igjen får skyta for enkelt. Storhaug held likevel fram med å jobba godt og går til pause berre eitt mål bak.
Andre omgang:
Ganddal går opp til 2-0 tidleg i omgangen, men Storhaug svarar raskt då Ola kjem stormande inn på eit frisparkinnlegg og reduserer til 2-1.
Dessverre held Ganddal fram med å straffa Storhaug hardt kvar gong dei får rom rundt boksen. Då heimelaget går opp til 4-1 seier Markus før avspark at han skal slå ballen i bakrom. Sekund seinare gjer han akkurat det, og Endre spring gjennom og set inn 4-2.
Ganddal legg på til 5-2, men Storhaug gir seg ikkje. På tampen stig Elwin høgast på eit innlegg og headar ballen opp i krysset til 5-3.
Mot slutten får Alius også testa driblefoten med eit lite raid ut frå eigen boks før han blir stoppa og får gult kort i situasjonen etterpå.
Kampen endar fortent 5-3 til Ganddal 2. Storhaug slepp motstandaren litt for lett til skot gjennom kampen, men innsatsen og moralen var langt betre enn sist.
Dagens Stjerner:
*** Markus
Tre assistar og enorme mengder løping sentralt på banen.
** Alius
Fleire sterke redningar og held Storhaug inne i kampen lenge.
* Ola
Spring ustanseleg på topp og kronar innsatsen med scoring.
- Endre