It’s coming home!

40368404_1817585051662313_576864474934280192_n.jpg
 

Orre - Storhaug
0-2

Simon 2 (Hjelpsam Orre-spelar og Abdi)

Følgande Storhauggutar var klare til dyst:

Bilde1.png

Endelig framme blant Orres grønne marker satt garderobepraten laust. Etter «legenden» Solems retur blant Storhaugs beste menn har det blitt ein uavgjort og tre strake sigrar, so stemninga var forståelig upåklagelig. Vi visste at om vi gav alt so ville det bli eit posetivt resultat også idag. Hansi «crusoe» Tjemsland hadde motat nyhenda om A på masteroppgåva og hadde for å feire sin forkjærligheit for Cruise og Skulegang tatt med seg eit «Royal Cruise» penal. Innholdet er, og forblir, ukjendt. Viskelær, penner, Clostebol? We’ll never know. 

Oppvarminga var nokon lunde god. Mikke’s vande sirkel satt som et skudd. Spel på lita bane var litt nervøst, med lite snakking og begrensa antall passningar før balltap. Men Svein’s pep-talk før kampen starta gjorde susen, for når gutane gjekk ut på bana var alle heiltende! Som ein kuriositet kan det nemnast at før vi kunne bruke bana spelte det eit guttelag på det som såg ut som full bane. Til skribentens store forbauselse og skrekk blei denne allereie store bana utvida til å bli enda større. Dette kom til å bli ein tung dag. 

Dagens startelvar

Jonas – Toggi – Klausen – Barten 

Mikke – Hammed – Kristian – Jani D.Y

Simon - Johs

Sidan Orre er i 6.divisjon fekk dei starte med ein straffe, for å jamne ut forskjellen i divisjonane. Ein reknar somregel med at desse skal gå inn, men med ein god keeper i mål var det håp for strafferedning.  Aramandas psyka ut straffetakaren med eit iskaldt blikk og slengte seg ned til høgre. Han hadde lest motstanderen og kom seirande ut av duellen! Kampen starta soleis 0-0! 

1. omgang

Storhaug trengde litt tid på å venne seg til pasningar på naturleg gras, men starta med godt mot. Den første omgangen var for det meste ein stillingskrig, der ballen gjekk mykje fram og tilbake. Orre sin taktikk gjekk ut på å trille ballen i forsvar for so å slå ein lang ball mot kantane. Storhaugs backar hadde for det meste kontroll og fekk god hjelp av eminente midtstopparar. Vora taktikk gjekk ut på å vende spelet ut mot kantane, med overlapp frå backane. Vi lykkast mange gangar med å kome oss ned til dødlinja med der stoppa spelet litt opp. 

Vi hadde kjangsane til å gå opp i leiinga fleire gangar, men pauseresultatet blei 0 – 0.

Pausepraten frå Svein dreide seg om å rette opp i små feil, som skulle vise seg å gi store utslag. Fokuset blei lagt på at innlegga skal komme når ein er nede på dødlinja, eller komme seg innover mot boksen. Laget hadde store skylappar forran augene inne i sekstenmeteren i førsteomgang og blei bedd om å sjå etter korte pasningar tilbake i bana og få avslutningar på mål. 

2. omgang

Denne omgangen skulle i store delar bli prega av Storhaugspel. Vi fortsatte der vi slapp første omgang og kom oss ofte oppover på bana. På grunn av slitne bein utover i omgangen blei det naudsynt å gjere nokre bytter. Dette viste seg å vere coaching i verdensklasse, for kort tid etter kom måla. Første målet blei assistert av ein hjelpsam Orre-spelar som sendte ballen tilbake mot keeper etter godt press frå Mikke. Kriger, Greker, Bergenser. Simon, som den ringreven han er, lukta dette på mils avstand (bokstavelig talt, bana var megasvær), snappa opp ballen og satte den iskaldt i mål. 1 – 0 til Storhaug. 

Kort tid etter var Storhaug frampå igjen. Ballen blei rulla langs sida og motteken av Abdi. Han viste at han hadde oppfatta instruksane frå pausepraten og sendte ballen 45 grader utover. Der stod Simon Gman klar og putta ballen lekker i mål! 2 – 0 Storhaug, fortent. 

Sjølv med 2 – 0 føltes dette ikkje ut som ei sikker leiing, det måtte kjempast til siste slutt for å sikre denne kampen. Orre-spelarane byrja å merke slitet og ein av dei bestemte seg for å ta sats og sette begge beina til i ein duell mot Johs. Heldigvis bomma han, men Johs stoppa spelet i nokre sekund for å seie nokre velvalgte ord om dumskapen. Etter tilsnakket til motspelaren fortsette han spelet og klarerte ballen langt opp på bana. Ålesunderen Torgeir (Riise?) gav dommaren klar beskjed om at denne fyren skulle ut av bana. Dommaren valde å lytte med det døve øret og kampen fortsatte. Det skulle ikkje gå lang tid før han meinte at nok var nok og blåste av kampen! 

Dermed sikra bohem-klubben Storhaug FK seg plass i kvartfinala i cupen som skal spelast mot vinnaren av Sokndal/Hovsherad! It’s coming home.

Stjerner 

3 – Armandas: for godt spel og strafferedning i minutt 0. Dette sikra ein god start på kampen og prega heilt sikkert både Storhaug og Orre. 

2 – Alle: Fortsetter tradisjonen med å gi 2 stjerner til samtlige SFK’ara for godt spel og iherdig innsats. Fire strake sigrar seier sitt.

1 – Simon: Fortsetter å putte og fortjener ei stjerne for to mål. Skulle ikkje trudde at denne mannen nærmar seg 32. 

 

Skribent
Kristian «legenden» Solem

 
Johannes SolhaugComment